JobbLoop - ein veg inn i arbeidslivet

05.01.2018
JobbLoop er eit samarbeid der tre verksemder går saman om å gi unge vaksne moglegheit til å vise seg fram i arbeidslivet, få målretta arbeidstrening og kvalifisering.
I ein JobbLoop samarbeider bedrifter med å gi tre ungdomar moglegheit til å få vere fire månader i kvar verksemd. Dei unge får då eit år med god arbeidserfaring på CV-en. Dette gir eit godt grunnlag for vidare karriereløp.

Samarbeidet på eit område avlar samarbeid på andre område - ein vinn-vinn situasjon for bedrift, ungdom og NAV.

Bedriftene – samarbeid og samfunnsansvar
Det er bedrifta som vel kandidatar til ein JobbLoop. Dei legg til rette for meiningsfylte arbeidsoppgåver, følgjer opp og gir  tilbakemelding til kandidatane.  
Dei informerer alle tilsette og set inkludering på dagsorden i verksemda.

Ein mentor i bedrifta får i oppgåve å følgje opp kandidaten på arbeidsplassen. Verksemda blir kompensert økonomisk for bruk av mentor.
 
Kandidatane – strekker seg
Kandidatane er forskjellige, men har det til felles at dei står utanfor arbeid og skule.
Dei har eit mål med praksisen, enten kvalifisering eller arbeid. For unge som står utan læreplass og arbeid kan dette  vere starten på vegen mot eit fagbrev.

NAV – er tilgjengeleg, følgjer opp og støttar
NAV følgjer tett opp både dei unge og verksemda, og er lett tilgjengeleg for alle partar i samarbeidet. Det er NAV som avtaler oppfølgjingspunkt med arbeidsgivar og bidrar til evaluering og oppfølgjing.

Frå preik til praksis – innovativt IA-samarbeid
I ein JobbLoop tek bedriftene aktivt samfunnsansvar og gjer «preik til praksis». Vi er eit land med høg yrkesdeltaking men stadig fleire unge vaksne er ikkje i arbeid eller utdanning. Mange slit i overgangen skule og arbeid. Dette er «våre» ungdomar  Inkludering er samfunnsansvar på høgt nivå!

Å delta i eit slikt nettverk, i ein JobbLoop, er godt IA-arbeid. Det gir resultat i IA-arbeidet og er viktig for omdøme og arbeidsmiljø.
Denne måten å jobbe på har nå fått nasjonal merksemd og metodikken blir tatt i bruk av stadig fleire bedrifter rundt i landet.
 
Tilbake til oversikten

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
hylland eriksen 2Møt Thomas Hylland Eriksen på Verdensdagen for psykisk helse
14.08.2019
fjell illGratis arbeidslivskonferanse i Sogn
12.08.2019
sim ill 2Kurspakke i arbeid og psykisk helse til høsten
03.07.2019
Kurs og aktivitetar
25.09.2019
Arbeid og psykisk helse (3 timer) (Bergen)
Les mer
02.10.2019
Arbeidslivskonferansen i Sogn (Sogndal)
Les mer
03.10.2019
Verdensdagen for psykisk helse
Les mer
16.10.2019
Normale reaksjoner når arbeidslivet endrer seg? (3 timer) (Bergen)
Les mer

IA-Webinar på nett

Sjekk sjukefråværet

Meld deg på nyheitsbrevet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
hylland eriksen 2Møt Thomas Hylland Eriksen på Verdensdagen for psykisk helse
14.08.2019
fjell illGratis arbeidslivskonferanse i Sogn
12.08.2019
sim ill 2Kurspakke i arbeid og psykisk helse til høsten
03.07.2019
Kurs og aktivitetar
25.09.2019
Arbeid og psykisk helse (3 timer) (Bergen)
Les mer
02.10.2019
Arbeidslivskonferansen i Sogn (Sogndal)
Les mer
03.10.2019
Verdensdagen for psykisk helse
Les mer
16.10.2019
Normale reaksjoner når arbeidslivet endrer seg? (3 timer) (Bergen)
Les mer

Sjekk sjukefråværet

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Til toppen