Sjukefråværet går ned

20.03.2019
Per 4. kvartal i 2018 var det legemeldte sjukefråværet i Hordaland og Sogn og Fjordane 5,1 prosent, litt ned frå 5,2 prosent for eitt år sidan.
Anne%20Bogsnes%20panorama
Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier openheit om psykiske lidingar er viktig.
 Sjukefråværet er noko høgare i Hordaland med 5,2 prosent samanlikna med Sogn og Fjordane som har 4,7 prosent.
 
Til saman 881.700 dagsverk gjekk tapt i Vestland i 4. kvartal fordelt på Hordaland (742.157) og Sogn og Fjordane (139.539). Dette svarar til om lag 4000 tapte årsverk.
 
Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes er nøgd med at sjukefråværet går ned. Samstundes seier Bogsnes at det er viktig å snakke om problemstillingar knytt til sjukefråværet. Det er særleg sjukefråvær knytt til psykiske lidingar Bogsnes er oppteken av.
 
– Å behalde arbeidstilhøvet eller kome i arbeid viser seg å vere ein svært viktig føresetnad for å bli frisk eller handtere kronisk sjukdom, seier Bogsnes.
 
Psykiske lidingar står for over 20 prosent av dei tapte dagsverka i Norge, og det har vore ein liten auke i lettare psykiske lidingar.
 
– Internasjonal forsking har vist at psykiske lidingar ofte er underrapportert som årsak til sjukmelding, og vi har difor grunn til å tru at den reelle delen sjukefråvær med psykiske lidingar er langt høgare, seier Bogsnes.
 
Forskjellar mellom kjønna
Kvinner er meir sjukmelde for psykiske lidingar enn menn, og det er i kategorien lettare psykiske lidingar at forskjellen er størst.
 
I følgje Folkehelseinstituttet vil ein tredel av den norske befolkninga få ei psykisk liding i løpet av livet. Medan kvinner oftare oppsøker familiekontor og psykiatrisk poliklinisk behandling, er det fleire menn som tar sjølvmord og har alkoholproblem.
 
– Det fortel oss mellom anna at openheit om dette temaet er viktig, og at vi alle har eit ansvar for å sørgje for at det er enkelt å søke hjelp. Vi må snakke meir om psykiske lidingar, seier Bogsnes.
 
Høgast sjukefråvær innan helse- og sosialtenester
Det er høgast sjukefråvær i Øygarden (7,1 %), Solund (6,9 %) og Radøy (6,8%). Kommunane med lågast sjukefråvær er Aurland (3,3 %), Sogndal (3,6 %) og Gloppen (3,8 %).
 
Det er framleis høgast sjukefråvær innan helse- og sosialtenester i begge fylka, Hordaland med 7,5 prosent og Sogn og Fjordane med 6,9 prosent.
 
– Dette er eit bilde over lang tid der vi dessverre berre ser små endringar, men vi har mange døme på at enkeltkommunar har knekt koden gjennom tett oppfølging, tydeleg leiing og godt nærversarbeid, fortel Bogsnes.
 
 
Til nyheitsarkivet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
bra dag  6Nytt IA-verktøy for bransjer
10.04.2019
mann med pc illWebinar 25. april: Roller og ansvar i eit Inkluderande Arbeidsliv
09.04.2019
holden hauglie img 1348%5b1%5dSlik kan Norge få flere i arbeid
03.04.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
15.05.2019
Snakk om det - samtalen som verktøy (3 timer) (Bergen)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
bra dag  6Nytt IA-verktøy for bransjer
10.04.2019
mann med pc illWebinar 25. april: Roller og ansvar i eit Inkluderande Arbeidsliv
09.04.2019
holden hauglie img 1348%5b1%5dSlik kan Norge få flere i arbeid
03.04.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
15.05.2019
Snakk om det - samtalen som verktøy (3 timer) (Bergen)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Til toppen