Sju bransjar blir prioriterte i sjukefråværsarbeidet

12.06.2019
Per 1. kvartal i 2019 var det legemeldte sjukefråværet i Hordaland og Sogn og Fjordane 5,5 prosent. No rettas innsatsen mot bransjar for å redusere fråvær.
Anne%20Bogsnes%20panorama
Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, fortel at innsatsen skal rettas mot sju bransjar for å redusere sjukefråværet.
Sjukefråværet er noko høgare i Hordaland med 5,5 prosent samanlikna med Sogn og Fjordane som har 5,3 prosent.

Til saman 913.762 dagsverk gjekk tapt i Vestland i 1. kvartal fordelt på Hordaland (763.049) og Sogn og Fjordane (150.713). Dette svarar til om lag 4000 tapte årsverk.

Det er framleis høgast sjukefråvær innan helse- og sosialtenester i begge fylka, Hordaland med 8,1 prosent og Sogn og Fjordane med 7,7 prosent.

– Treff godt i Vestland
Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes fortel at det er fleire bransjar innan helse blant dei sju bransjane som partane i IA-avtala no skal rette innsatsen mot for å redusere sjukefråvær og fråfall. Dei sju bransjane er sjukehus, sjukeheim, barnehagar, leverandørindustrien - olje og gass, næringsmiddelindustrien, rutebuss og persontrafikk og bygg og anlegg

– Både erfaring og førebels analyser av sjukefråværet i Vestland, visar at dette treff godt med tanke på korleis sjukefråværet ser ut i våre fylke. Vi jobbar no med å kartlegge den enkelte verksemd i nemnde bransjar i kvar region. Bransjane har ulike utfordringar, og vi håpar å treffe betre med virkemidla når vi går spesifikt inn i kvar bransje, seier Bogsnes.

Det lågaste fråværet finn vi innan omsetning og drift av fast eigedom i Sogn og Fjordane (2,1 %) og i informasjons- og kommunikasjonsbransjen i Hordaland (2,9 %).

Flest muskel-/skjelettlidingar
Det er høgst sjukefråvær i aldersgruppa 55-64 år, og lågast blant dei under 25 år. Sjølv om denne gruppa har lågt fråvær er det òg blant dei yngste at fråværet aukar mest.

Det er høgast sjukefråvær på Radøy (7,5 %), Solund (7 %), Vaksdal og Gulen (begge 6,7 %). Kommunane med lågast sjukefråvær er Aurland (3,3 %), Fedje (3,7 %) og Fjaler (4 %).

 Dei to klart største diagnosekategoriane i begge fylka er muskel-/skjelettlidingar og psykiske lidingar. Til saman utgjer desse om lag 60 prosent av alle sjukmelde.

 Om lag 20,6 prosent av sjukmeldingane i Hordaland var gradert i dette kvartalet. Hordaland, Oslo har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet. I Sogn og Fjordane er talet 25 prosent.

Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 5,9 prosent. Samanlikna med 4. kvartal 2018 var det ein auke i det eigenmelde sjukefråværet på 4,3 prosent, medan det legemelde auka med 0,6 prosent. Samla var det ein auke på 1,1 prosent.
 
Til nyheitsarkivet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
sim ill 2Kurs i arbeid og psykisk helse
15.10.2019
planlegge 2Gratis frokostmøte om ledelse
14.10.2019
logo inkluderingsdugnad 2Velkommen til gratis seminar
08.10.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
20.11.2019
Litt for mye, litt for ofte...? (Bergen)
Les mer
04.12.2019
Snakk om det - samtalen om psykisk helse (Bergen)
Les mer

IA-Webinar på nett

Sjekk sjukefråværet

Meld deg på nyheitsbrevet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
sim ill 2Kurs i arbeid og psykisk helse
15.10.2019
planlegge 2Gratis frokostmøte om ledelse
14.10.2019
logo inkluderingsdugnad 2Velkommen til gratis seminar
08.10.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
20.11.2019
Litt for mye, litt for ofte...? (Bergen)
Les mer
04.12.2019
Snakk om det - samtalen om psykisk helse (Bergen)
Les mer

Sjekk sjukefråværet

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet