Stabilt sjukefråvær i Hordaland

14.12.2016
Per 3. kvartal i 2016 var det legemeldte sjukefråværet i Hordaland på 5,6 prosent. Dette er ein auke på 0,2 prosent i høve til i fjor.
Det synar dei første sjukefråværstala som NAV publiserer sidan fjerde kvartal 2014.

Grunna endringar i datagrunnlaget etter at a-ordninga blei introdusert 1. januar 2015 har ikkje NAV hatt mogelegheit til å publisere oppdatert sjukefråværsstatistikk før no (sjå faktaboks). Dette kvartalet publiserer difor NAV statistikk for dei sju siste kvartala. Om lag 630.000 dagsverk gjekk bort i sjukefråvær i Hordaland dette kvartalet.

Medan fleire fylke i landet har opplevd ein nedgang i det legemelde sjukefråværet, auka det marginalt i Hordaland.

Nedgang tidlegare i år
Etter ei periode utan mogelegheit til å ta ut oppdatert sjukefråværsstatistikk er fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes no glad for at ho kan følgje med på utviklinga i fylket.

– Sjukefråvær er eit tema vi har jobba mykje med dei siste åra. Vi har mellom anna delteke i eit forsøk med ny medisinsk vurdering etter seks månaders sjukmelding, og hatt fokus på aktivitetskravet ved åtte vekers sjukmelding. Vi håper at dette etter kvart vil bli synleg i utviklinga i sjukefråværet her i Hordaland. Vi ser mellom anna at det er ein liten nedgang i sjukefråværet både 1. og 2. kvartal i år, seier Bogsnes.

I aldersgruppa 16-19  år er den prosentvise auken i sjukefråvær størst, medan sjukefråværet i aldersgruppa 20-24 år går mest ned. Det er framleis fleire kvinner enn menn som er sjukmelde, men i høve til i fjor har sjukefråværet bland kvinner gått litt ned, medan sjukefråværet bland menn har auka litt.

Sjukefråværet sank innan olje- og gassutvinning
Muskel- og skjelettplagar og psykiske lidingar er årsaka til flest sjukmeldingar i Hordaland. Auken er størst innanfor muskel- og skjelettplagar. 20,2 prosent av sjukmeldingane var graderte dette kvartalet. Hordaland og Rogaland har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet. Sjukefråværet aukar mest innan næringane elektrisitet-,vann og renovasjon og bygg- og anleggsverksemd. Innan olje- og gassutvinning går sjukefråværet mest ned, med 6,6 prosent.

– Sjukefråværet går vanlegvis ned når arbeidsløysa stig. Det kan forklare nedgangen i sjukefråværet innan olje- og gassutvinning , seier Bogsnes.

Høgst sjukefråvær finn vi i kommunane Eidfjord (7,8 %), Øygarden (7,4 %) og Vaksdal (7,3 %). Lågast er sjukefråværet i Fedje (2,8 %) og Fitjar (3,5 %). Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 6,3 prosent. Det viser nye sesong- og influensajusterte tal. Det var ein auke i det eigenmelde sjukefråværet på 2,7 prosent, og ein nedgang i det legemelde på 0,2 prosent. Samla var det ein auke på 0,3 prosent.
 
Til nyhetsarkivet

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]Du kan ikke hvile deg frisk
19.04.2018
[bilde]Industritreff i Sunnhordland
18.04.2018
[bilde]Tilrettelegging - mer enn oppfølging av sykmeldte
17.04.2018
logo nav
Kommende IA-kurs
24.04.2018
Flerkulturelle arbeidsplasser (3 timer)
Les mer
25.04.2018
Tilrettelegging - mer enn oppfølging av sykmeldte (3 timer)
Les mer
03.05.2018
Den viktige samtalen (6 timer)
Les mer
16.05.2018
Systematisk IA-arbeid - Fra plan til handling (6 timer)
Les mer
23.05.2018
Sykefraværsoppfølging på 1-2-3 (3 timer)
Les mer

IA-Webinar på nett

Siste nyhetsbrev fra NAV Arbeidslivssenter

Les siste nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyhetsbrev fra NAV Arbeidslivssenter

Les siste nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Til toppen