Ravnangers metode

22.08.2015
I Ravnanger barnehage på Askøy får dei det til. Sjukefråværet ligg stabilt på rundt 3%. Dei har ikkje ei enkel oppskrift på korleis dei får det til, men styrar etter nokre prinsipp som gjev resultat.
Omsorg og læring går hånd i hånd, sammen danner vi vennskapsbånd” er slagordet i Ravnanger barnehage. F.v.: styrar Hilde Aardal, eigar Anette Bugjerde og verneombod Vivian Tveit Jensen
Oppsiktsvekkande sjukefråvær 
 Ravnanger barnehage ligg trygt plassert midt på Askøy, heilt sidan 1997. Ravnanger barnehage kan syne til gode resultat på alle dei 3 delmåla i IA-avtalen, men sjukefråværstalet er kanskje det som får folk til å «sperre opp augo». Innanfor barnehagesektoren er 3% i sjukefråvær temmeleg oppsiktsvekkande. Det syner at det går an, sjølv i ein «tøff» bransje for «tøffe» kvinner og menn. Resultata av det inkluderande arbeidet i Ravnanger barnehage toler i tillegg samanlikning med dei fleste andre bransjar i landet. 

Tillitsskapanda arbeid 
Styrar Hilde Aardal, eigar Anette Bugjerde og verneombod Vivian Tveit Jensen kunne ikkje gje meg ei eksakt oppskrift á la Ingrid Espelid Hovig, men dei var einige om at godt IA-arbeid startar med tillit mellom leiinga og dei tilsette, og mellom kollegaer. Tilliten byggjer dei opp gjennom eit godt utvikla bedriftsdemokrati. Godt utvikla bedriftsdemokrati gjer at alle kjenner eigarskap til utviklinga av bar-nehagen. I ein liten barnehage med 11 årsverk vert viktige avgjersler teke opp på allmøte. På allmø-ta er det stor takhøgde for innspel og utspel av ymse slag, og dette gjer at dei tilsette kjenner seg trygge på å gje både ris og ros. I tillegg fører godt utvikla bedriftsdemokrati til eit godt samarbeid mellom styrar, eigar og tilsette. Verneombodet, Vivian Tveit Jensen, trekkjer òg fram at styrar er tilgjengeleg og omsorgsfull for medarbeidarane, noko som skapar gode rammer for ein god og trygg samtale. Medarbeidarane i Ravnanger barnehage er neppe ”friskare” enn andre arbeidstakarar i andre barnehagar og i arbeidslivet generelt, men når dei får helseplager av ymse slag vil dei helst ikkje sjukmelda seg frå det positive arbeidsmiljøet, meiner Vivian. 

Med lågt sjukefråvær får styrar Hilde Aardal betre tid for å leggja til rette for fagleg utvikling. For Hilde er læring hos barna gjennom leik og samspel viktig, og ho er stolt over visjonen som barneha-gen jobbar etter: ”omsorg og læring går hånd i hånd, sammen danner vi vennskapsbånd”. 

Vilje til samarbeid 
Eigar Anette Bugjerde styrer mellom anna med økonomien i barnehagen. For ho er det viktig at barnehagen har ein sunn økonomi, men størst mogleg overskot er ikkje eit mål i seg sjølv for Anet-te. Når barnehagen til dømes måtte spare pensjonskostnader kvidde ho seg til å presentera den nyheita for dei tilsette. Til alt overmål synte medarbeidarane forståing for denne innsparinga, og det førte ikkje til at folk slutta, eller vart merkbart misnøgde. Dette er uttrykk for tillit og samarbeidsvilje, skryt Anette av medarbeidarane sine. I tillegg til økonomioppgåver jobbar Anette òg som assistent i barnehagen. Dette gjev ho unik innsikt i det daglege livet i barnehagen. 

Slik gjer dei det i Ravnanger barnehage – og det gjev gode resultat for dei! Sikkert noko å lære av for både andre barnehagar og for andre IA-verksemder i andre bransjar. ”Oppskrifta” er tillit, samar-beid og bedriftsdemokrati som skaper trivsel, stabilitet og nærvær både for barn og vaksne. Dose-ringa må ein finne fram til på den enkelte arbeidsplass. 

Av Jarle Berge
Til nyhetsarkivet

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]Sjukefråværet held fram med å synke
11.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-Webinar på nett

IA-jordmora

Meld deg på vårt nyhetsbrev

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]Sjukefråværet held fram med å synke
11.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-jordmora

IA-Webinar på nett

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Til toppen