JobbLoop: Saman om inkludering

08.01.2018
JobbLoop er eit samarbeid der tre verksemder går saman om å gje unge vaksne moglegheit til å vise seg fram i arbeidslivet, få målretta arbeidstrening og kvalifisering.
jobb
Les meir på JobbLoop-sidene.

I ein JobbLoop samarbeider bedrifter med å gje tre ungdomar moglegheit til å få vere fire månader i kvar verksemd. Dei unge får då eit år med god arbeidserfaring på CV-en. Dette gir eit godt grunnlag for vidare karriereløp.

Samarbeidet på eit område avlar samarbeid på andre områder, ein vinn-vinn situasjon for bedrift, ungdom og NAV.

Bedriftene – samarbeid og samfunnsansvar
Det er bedrifta som vel kandidatar til ein JobbLoop. Dei legg til rette for meiningsfylte arbeidsoppgåver, følgjer opp og gjev  tilbakemelding til kandidatane.  
Dei informerer alle tilsette og set inkludering på dagsorden i verksemda.

Ein mentor i bedriften får i oppgåve å følje opp kandidaten på arbeidsplassen. Verksemda blir kompensert økonomisk for bruk av mentor.
 
Kandidatane – strekker seg
Kandidatane er forskjellige, men har det til felles at dei står utanfor arbeid og skule.
Dei har eit mål med praksisen, enten kvalifisering eller arbeid. For unge som står utan læreplass og arbeid kan dette  vere starten på vegen mot eit fagbrev.

NAV – er tilgjengeleg, følgjer opp og støttar
NAV følgjer tett opp både dei unge og verksemda og er lett tilgjengeleg for alle partar i samarbeidet. Det er NAV som avtaler oppfølgingspunkt med arbeidsgjevar og bidreg til evaluering og oppfølging.

Frå preik til praksis – innovativt IA-samarbeid
I ein JobbLoop tek bedriftene aktivt samfunnsansvar og gjer «preik til praksis». Vi er eit land med høg yrkesdeltaking men stadig fleire unge vaksne er ikkje i arbeid eller utdanning. Mange slit i overgangen skule og arbeid. Dette er «våre» ungdom.  Inkludering er samfunnsansvar på høgt nivå!

Å delta i eit slikt nettverk, i ein JobbLoop, er godt IA-arbeid. Det gjev resultat i IA-arbeidet og er viktig for omdømme og arbeidsmiljø.
Denne måten å jobbe på har nå fått nasjonal merksemd og metodikken tas i bruk av stadig fleire bedrifter rundt i landet.
Til nyhetsarkivet

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]Sjukefråværet held fram med å synke
11.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-Webinar på nett

IA-jordmora

Meld deg på vårt nyhetsbrev

IA-kurs
for IA-virksomheter

Siste nyheter
[bilde]IA-podcast: Gravid og sykefravær
12.12.2018
[bilde]Sjukefråværet held fram med å synke
11.12.2018
[bilde]NAV Årstad inviterer bedrifter til julefrokost
21.11.2018
logo nav
Kommende IA-kurs

IA-Podcast

IA-jordmora

IA-Webinar på nett

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Til toppen