Arbeidslivssenteret

NAV Arbeidslivssenter Vestland er eit ressurs- og kompetansesenter for eit inkluderande arbeidsliv. Senter for jobbmestring er organisatorisk knytta til ALS.

NAV Arbeidslivssenter Vestland er eit viktig verkemiddel for å nå måla i Intensjonsavtala om eit meir inkluderande arbeidsliv (også kalla IA-avtala) for perioda 1. januar 2019 til 31. desember 2022.

NAV Arbeidslivssenter Vestland bistår verksemder i fylka  Sogn og Fjordane og Hordaland. Dei over 40 rådgjeverane har mellom anna kompetanse på leiing og organisasjon, prosjektleiing, sjukefråværsoppfølging, tilrettelegging for personar med redusert funksjonsevne, helsefremmande arbeidsplassar, førebyggjande arbeidsmiljøarbeid, arbeid og psykisk helse og livsfasepolitikk.

Alle verksemder kan benytte seg av tilbodet til NAV Arbeidslivssenter. Kontakten rettar seg fyrst og fremst mot leiarar, tillitsvalde og verneombod.

Senter for jobbmestring tilbyr arbeidsretta kongnitiv terapi til personar med angst og/eller depresjon, kombinert med individuell jobbstøtte. Senteret består av psykologar og teamleiar er psykologspesialist Marianne Misje. Dei samarbeider med jobbspesialistar. Senter for jobbmestring held til i Bergen. Tilbodet er gratis.

Kontaktopplysninger på ansatte ved ALS
 

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
[bilde]Sammen om inkludering
22.03.2019
[bilde]Gratis ekstrakurs i arbeid og psykisk helse
21.03.2019
[bilde]Sjukefråværet går ned
20.03.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
27.03.2019
Tilrettelegging - mer enn oppfølging av sykmeldte (3 timer)
Les mer
03.04.2019
Frukostmøte i Bergen om ungdom og IT-kompetanse
Les mer
15.05.2019
Snakk om det - samtalen som verktøy (3 timer) (Bergen)
Les mer
04.06.2019
Psykiske helseproblemer - konsekvenser på jobb (3 timer) (Bergen)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Meld deg på eit gratis IA-Webinar

Siste nyheiter
[bilde]Sammen om inkludering
22.03.2019
[bilde]Gratis ekstrakurs i arbeid og psykisk helse
21.03.2019
[bilde]Sjukefråværet går ned
20.03.2019
logo_nav
Kurs og aktivitetar
27.03.2019
Tilrettelegging - mer enn oppfølging av sykmeldte (3 timer)
Les mer
03.04.2019
Frukostmøte i Bergen om ungdom og IT-kompetanse
Les mer
15.05.2019
Snakk om det - samtalen som verktøy (3 timer) (Bergen)
Les mer
04.06.2019
Psykiske helseproblemer - konsekvenser på jobb (3 timer) (Bergen)
Les mer

IA-Webinar på nett

Meld deg på nyheitsbrevet

Til toppen